Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første frostnatta er eit faktum!

Jon Olav Ørsal Måndag 3. oktober 2016

Måndag morgon fikk vi eit skikkeleg hausttegn, med rim på marka og kunne dermed lese av dei første kuldegradane på gradstokken. Rett nok berre -1,1 heime på Skogly, men det var nok til at det var is på frontruta – og frostroser på vegetasjonen.

frostnatt_033_okt_5200

Den første frostnatta er eit faktum! 1,1 kuldegrad i løpet av natta – og dermed is på frontruta.

Ved Storfossen står målestasjonen til Statkraft og måler vannstand kvart 15 minutt. Denne stasjonen måler også temperatur på kvar heil time. Her vart det i natt reistrert kuldegrader for første gong i haust, med -0,7 grader kl 7 i dag tidleg. Den siste frostnatta i vår var registrert natt til 16. mai, da det også var -0,7 grader i lufta ved målestasjonen. Når vi først nemner temperaturar i sommar kan vi også nemne at den varmaste dagen ved målestasjonen ved Storfossen var 21. juli – da vart det registrert 31,5 varmegrader kl 16.00.

temperaturer_sommer2016

Slik ser sommaren 2016 ut på diagrammet – målingane er gjort ved NVEs målestasjon ved Storfossen. Statistikk frå nettsida www.sildre.no

Publisert: 3. oktober 2016, 09:27