Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første event – klart vi er spente!

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2018

Laurdag er det familiedag og rokonkurranse i Svinvika. Det blir det reelle startskotet for vår bedrift og for Svinvik Gard, så det er klart vi er spent, seier Tore Svinvik som er sterkt involvert i firmaet han og kona Kristina har starta – Kristina Svinvik AS.  Men laurdag har dei menyen klar – da blir det heimlaga fiskesuppe og vi håpar at det kjem mykje folk, og det har vi budd oss på, seier Tore.

Gunnar Nordvik bygger tropp slik at det skal blir muleg med gjennomgang i sagbruket på brygga. Foto: Jon Olav Ørsal

Svinvik Gard er involvert i SU-SU prosjektet på laurdag, der det blir rokonkurranse både mellom idrettslaga og vidaregåande skular på både Sunndal- og Surnadalssida av fjorden. Rokonkurransen kjem til å gå frå Svinvika og over til Rakanesset og tilbake igjen, så da blir det nok skikkeleg fart på både Hjelmkånnå og Fjordamerra på Todalsfjorden.  Det blir nok både stor aktivitet og mykje folk laurdag. Det skal monteres ein stor tipi nede ved brygga der det blir servering. I tillegg kjem dykkarklubben på besøk, og dei vil søke om dei finn noko i fjorden – kanskje det blir meir action enn vi er klar over, gliser Tore Svinvik.

Brygga ved Svinvika er arena for rokonkurransen i regi av SUSU-prosjektet førstkomande laurdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Da vi var innom Svinvika i dag var Tore i Sving med å gruse og rake i bryggeområdet der det skal settes ut bord og serveres fiskesuppe på laurdag. Som sagt er menyen heimelaga fiskesuppe med heimlaga brød frå Steinomnbakeriet i Slettnesset attåt. Svinvik gard skal forresten bruke kjøkken og restaurant i Slettnesset fram til eigen restarant er klar til neste haust. Dei har no starta bookingen til restauranten og her har det alt vore god respons og mange bestillingar fortel Tore. Det første selskapet i restauranten er 28.-29. september og sia blir det slag i slag utover. Du kan forresten lesa meir om dette på facebooksida til Svinvik gard.

Slått rundt vegkantar og husveggar er framleis «kårkaillarbeid» – i Svinvika er det Sven Olav som har disse oppgåvene! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. august 2018, 14:28