Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første elgen kjem i utstilling

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2025

Den 14. oktober i 1980 var den første elgen felt i Todalen.  Det var ein elgokse, og den vart felt innmed Falla i Gammelseterdalen, innafor Kårvatn.  Det var Ragnar Halle som felte elgoksen som var 324 kg i slaktvekt.  Elgoksen var slakta og partert på staden, og frakta heim til Kårvatn med ryggsekk.

Dei var eit jaktlagt på 4, som bestod av Erik Kårvatn, Leiv Liaskar og Harry Kolstad i tillegg til Ragnar.  – Det høyrer og med til historia at det i same jaget vart skote ei elgku litt lenger uti Gammelseterdalen, der ein av jegarane satt som bakpost under jaget.  Det vart litt av ei arbeidsøkt for å berge heim kjøttet, minnes Ragnar.

No hamnar geviret, som er montert på ei plate, i lag med Trollheimsutstillinga på veggen i den historiske avdelinga på Gammelfabrikken.  

Publisert: 15. mai 2025, 15:49