I dag var det første skuledag for dei samanslåtte skulane Todalen og Stangvik, som frå i dag av er lokalisert på Evenshaugen. I tillegg var det første dag med samlokalisering av Todalen og Evenshaugen barnehagar. Frå i dag av består Todalen og Stangvik oppvekstsenter av ein barnehage med 32 ungar og ein skule, for 1. – 7. årstrinn, med tilsaman 78 elevar. Samstundes var dette første skuledag for 7 spente elevar, som starta skulegangen på 1. årstrinn.
Elevtalet på dei 7 årstrinna fordeler seg slik:
- 1. årstrinn, 7 elevar
- 2. årstrinn, 8 elevar
- 3. årstrinn, 14 elevar
- 4. årstrinn, 12 elevar
- 5. årstrinn, 11 elevar
- 6. årstrinn, 10 elevar
- 7. årstrinn, 16 elevar
Bortimot alle tilsette ved Todalen Oppvekstsenter, skulen og barnehagen, har no fått oppmøtestad og arbeidsplassen sin på Evenshaugen.
Elevane har gjennom det siste skuleår hatt fleire felles skuledagar, og kjenner i tillegg kvarandre frå fotball og andre fritidsaktivitetar.
Dei første tre vekene vil det å bli enda betre kjent vere prioritert både i undervisninga og friminutta.
Nedanfor finn du bilete av kvart årstrinn: