Første bygg fra elementfabrikken i Todalen – Ridehall til Bardu
Måndag var det ein merkedag på Talgø – det første bygget frå den nye elementfabrikken vart lasta opp på 3 semitraller, og starta på turen oppover til mottakaren som held til i Bardu. På Eggen Gard i Bardu står stålkonstruksjonane klare til å ta i mot veggelementa som skal bli ein ridehall på rundt 1400 m2.
Ola Ansnes, Wlodzimierz Jan Gielzakowski og Bjørn Sæterbø har laga elementa til ridehallen. Foto: Jon Olav Ørsal
Trailerane starta på den 115 mil lange turen i ettermiddag, skal være klare til levering på onsdag kveld eller torsdag morgon og blir da montert direkte på plass. Når vi lasta opp kartet og kjøreplana for turen til Troms, så kunne vi telje 33 rundkjøringer og 9 bomstasjonar – og kjøretida er rundt 15 timar med personbil. – Må nok rekne med litt lengre tid med ein tungt lasta semi.
Her lastes semitralle nr 2, og er snart klar for å sette kursen nordover rundt 115 mil til Bardu. Foto. Jon Olav Ørsal
2 semitraller fullasta med veggelement til den nye ridehallen som skal leverast i Bardu. Foto: Jon Olav Ørsal
Klar for langtur – sjåfør Magnus Thorin frå HH Transport, flankert av Bjørn Sæterbø og Arne Gujord som fulgte lastinga. Foto: Jon Olav Ørsal
Vi har sakset eit bilde fra FB-sida til entreprenøren Borgen Bygg. – Dei er i ferd med å få på plass dei siste stålkonstruksjonane på ridehallen på Eggen gard i Bardu. Foto: BorgenBygg