Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Først ute med byggestart i Kammen hyttefelt

Jon Olav Ørsal Fredag 24. juli 2015

Munan Elgsæther er først ute med å byggestart i Kammen hyttefelt.  I dag vart plata til hyttebygget støpt til den 85 m2 store hytta.  Munan fortel at han skal gjera grunnarbeidet sjølv, og det må være ferdig i midten av september når ferdighytta blir levert og montert, og han reknar med at det nok blir vinter før hytta er ferdig og kan takast i bruk.

DSC_0744

Kammen hyttefelt har veg heilt fram. Foto: Jon Olav Ørsal

Kammen hyttefelt ligg ved Hjellnesvegen på høgste punktet når du går StikkUT-tur på Svinviksrunden, med flott utsikt både utover mot Svinvika og Stangvikfjorden og innover mot Todalen.  I Kammen hyttefelt, som tilhøyrer Siw Halle, er det tilsaman lagt ut 8 hyttetomter – der 2 alt er selt. Resten av hyttefeltet er opparbeidd og det er ført fram både vatn og strum.

DSC_0741

Flott utsikt utover til Svinvika. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 24. juli 2015, 09:00 - Sist oppdatert: 5. januar 2016, 05:17