Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forslag til effektivisering og moglegheiter lagt ut på høyring

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. juni 2025

Surnadal kommunestyre vedtok i sitt møte 26. juni i sak 40/25 å legge ut forslag til effektivisering og moglegheiter for innsparingar i oppvekstsektoren til offentleg høyring. Høyringsfristen er sett til 15. september. Nedanfor kan ein lese kva kommunen seier om høyringsprosessen. 


Kommunestyret sitt vedtak:

Forslaget til effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren vert lagt ut til offentleg høyring. I tillegg vert forslaget sendt ut til aktuelle foreldreråd og -utval i skule og barnehagar. Det vil bli lagt særleg vekt på sikre uttalar frå elevråd og ungdomsråd i prosessen. 

Målgruppe for høyringa

Målgruppe for høyringa er barn og unge gjennom elevråd og ungdomsråd og foreldre gjennom FAU og SU.
I tillegg vil høyringa bli lagt ut på heimesida til kommunen. På den måten vil høyringa vere open for alle som ynskjer å kome med innspel.

Høyringa er open for alle som ønskjer å kome med innspel. Særleg vekt blir lagt på barn og unge sine stemmer, gjennom høyringar i elevråd, ungdomsråd og samarbeidsutvala (SU/SSU). Dialogforum vert gjennomført ved alle skulane i perioden 25.-31.08.2025 (veke 35).

Einingsleiar ved skular og barnehagar vidaresender høyringsnotatet med vedlegg til foreldras arbeidsutval (FAU), samarbeidsutval (SU), tillitsvalde og verneombod ved barnehagane i kommunen.

Einingsleiar ved dei enkelte skulane sørgjer for at det vert kalla inn til møte i barnehagens samarbeidsutval (SU) og at medlemmane får saka med vedlegg utsendt på førehand. 

Ein ber om skriftleg tilbakemelding frå utvala det gjeld. Andre som ønskjer det, kan også kome med uttale.

Uttale sendes på epost til post@surnadal.kommune.no

Frist for å sende inn høyringsinnspel er 15. september

Surnadal kommune vil vurdere alle innspel som kjem inn i høyringsperioden.

Les heile høyringsnotatet

Les høyringsdokumentet Skule for framtida – grep for kvalitet og økonomisk berekraft


 

Publisert: 27. juni 2025, 14:40