I samband med ny kommunestyreperiode, 2023 – 27, skal det veljast to brukarrepresentantar til Råd for personar med funksjonsnedsetting og nye medlemmar til Eldrerådet.
Kva gjer Råd for personar med funksjonsnedsetting?Råd for personar med funksjonsnedsetting skal arbeide etter prinsippet om full deltaking og likestilling for personar med funksjonsnedsetting i samfunnet.Rådet skal vere eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen i saker som gjeld funksjonshemma sine behov og interesser.
Kva gjer eldrerådet?
Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal behandle saker som vedkjem situasjonen og framtida til dei eldre. Eldrerådet har 5 medlemmar.
Pensjonistforeiningar har rett til å kome med forslag til medlemmar i Eldrerådet.
Har du forslag til kandidatar, eller ønsker å sjølv bli medlem i eitt av råda, ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 716 55 800 eller e-post post@surnadal.kommune.no innan 16. oktober.