Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førsjulstreff med saltkjøttmiddag og nissebesøk – ei levande bygd!

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2016

Det vart ei triveleg førjulssamling i ungdosmhuset søndag.  Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak.  Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..

Kjøkkenpersonalet fekk mykje skryt for middagen dei trakterte- saltkjøtt med kålrabistappe, og riskrem til dessert var populært tiltak. Til tider var det skikkeleg hektisk på kjøkkenet, men serveringa gikk unna og folk var godt nøgde.

middagsbordet_7153

Rundt bordet – Knut Halset, Tor Holten, Per Reiten, Ståle Ansnes, Sven Olav Svinvik, Kari Kvendset, Maren Ansnes og Anne Helene Halset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dette arrangementet var eit samarbeidprosjekt mellom lag og organisasjonar i Todalen, og det var nok ein god ide – det betyr mykje å gjera ting i lag, og responsen var god. Etter at middagen var servert, vart det trekkjing av sanitetens hovudgevinst – dokka Tora med full garderobe. Mange jenter har nok kika og drømt, men resultatet av trekkjinga vart Steinhaugen – Ragnar og Eldbjørg som vart vinnarar! Saniteten delte også ut den tradisjonelle lykkeskillingen til dei som er fødde i løpet av året. Akkurat dette såg dårleg ut i begynnelsen av året, men Håvard og Siri tok ansvar og sikra årgangen med ein gutonge i forrrige veke. Storesøster Sigrid Edle tok i mot lykkeskillingen på vegne av lillebror som altså vart fødd sist torsdag.

havardsigrid_7212

Sanitetsens lykkeskilling. Sigrid Edle tok i mot på vegne av lillebror som berre var ca 10 dagar gammel. Her saman med far Håvard og sanitetens Kari Kvendset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Så var det Luciatog – elevane på Todalen oppvekstsenter kom på visitt, og markerte Luciadagen med eit skikkeleg fint Luciatog – eit par rundar rundt i salen før det vart samling på scena og photosession til ære for Todalen.no. Heilt på tampen vart det julegrantenning utafor ungdomshuset – her var det servering av gløgg og jammen kom ikkje nissane også. Dei hadde med seg pakkar og var utruleg populære blant borna.

trimmarar2016_7195

Trimmarar som fekk kvar sin kopp for deltakinga. Nokre hadde flest turar og andre var trekte ut. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

trimjonb_7185

Jon Bruset hadde flest turer på Talgøsetra i år – måndag fyller han 70!

toratrekt_7184

Dokka Thora – med komplett garderobe. Trekt ut på nr 236 som var Steinhaugen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

steinarf_7159

Steinar Frøystad er leiar i Todalen I.L. denne dagen var han plassert i oppvasken, men tok det med godt humør. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

liatun_familie_7164

Familien Nordvik –  Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

juletregang7228

Julegrantenning og gang rundt juletreet. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

julenisser_7226

….og sjølvsagt var det julenissar- Nathalie Astrid drista seg til eit foto i lag med nissane. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 11. desember 2016, 21:37