Det er mykje rådyr og hjort rundt vegane no om dagen. Det kan ha fleire årsaker, med beiting på telefri innmark som blir fristande for dyra. Det er spesielt på Kvennset, i Halagrenda og i Ørsalbukta at det har vore stor trafikk – og mange dyr som passerer over vegane i skyminga eller etter mørkets frambrudd.
Det er nok enda ei årsak til at rådyra søkjer ned på innmarka – den føler seg kanskje tryggare der på grunn av gauper som trafikkerer i området. Sist for nokre dagar fikk vi bilete frå Kvennsetlia, der gaupa er foreviga av viltkamera. Det er i vinter funne fleire rådyr som er drepne av gaupa, så det er vel ikkje rart at dei søkjer seg ned i hagane til folk, der dei kjenner seg trygge?
Det er iallfall lurt å være litt observant og være litt forsiktig når du er ute med bilen på kveldstid.