«Trøndersk dynamitt» til helga på Surnadal kino, med to eksplosive filmar. Alle hater Johan, men i Surnadal elskar dei visst nok Hallvar Witzø! I alle fall såpass overbevisande og nok til at filmbyrået har gjeve Surnadal kino førpremiere på filmen «Alle hater Johan». For Witzø har ei viss tilknyting til Surnadal, da han var assistentlærar på folkehøgskulen for nokre år sia. Han var den første norske regissøren som både har vore nominert til Oscar-pris og palmepris i Cannes – for to av sine kortfilmar. «Alle hater Johan» er langfilmdebuten til Witzø, og manuset er skrive av Erlend Loe.
«ALLE HATER JOHAN»
Filmen er spelt inn på Titran, lengst vest på Frøya, og Tore Strømøy, sjølv frøyværing, gav filmen ein blank seks-ar på terningen. Andre har nøgd seg med fire og fem på terningen, men alle er samde om at Witzø og Loe presenterer eit fornøyeleg persongalleri. «Snurrig og underfundig bygdekomedie», skriv NRK. I rollene finn vi Pål Sverre Hagen, Ingrid Bolsø Berdal og, som komisk bifigur, John Brungot.
Trond Giske – «Makta rår»
Den andre filmen som går til helga er dokumentaren om Trond Giske – «Makta rår». «Et unikt innblikk i Norges mest omtalte #metoo-sak», skreiv Dagens Næringsliv. Det er visstnok over tjue år sia filmskaparen Håvard Bustnes tenkte å lage ein film om Trond Giske, men den vart nok heilt annleis enn kva han tenkte den gongen.
Både «Alle hater Johan» og Trond Giske – «Makta rår» blir vist på dagkino dei to komande vekene, altså veke 12 og 13. Og på dagkino kan Surnadal kino lokke med honnørrabatt, for dei som har rett på dette.
For å sjå heile filmprogrammet og å kjøpe billetter, klikk deg inn på «surnadal-kulturhus.no»