Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fornyer utstyret i småbåthamna

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juli 2025

Onsdag kveld hadde Todalen Båtforening første dugnaden med utskifting av utstyr i småbåthamna.  Eit 10-tals utriggarar som no nærmar seg 50-årsalderen skal demonterast og erstattes med nye. Ein handplukka gjeng starta arbeidet med å tilrettelegge for effektivt arbeid og sorterte utstyret som er levert frå Vik Ørsta når det gjeld utriggarane og Møre Royal til dekket frå MøreTre.

Gamle utriggarar som skal skiftast ut med nye. Foto Jon Olav Ørsal

Utstyret i båthamna lever i eit hardt klima, så her trengs det utstyr både i galvanisert og rustfritt stål og dekke i royalimpregnerte materialer som skal vare ei stund.  Dugnadsarbeidet vil nok gå over fleire kveldar for å få alt på plass. 

Finn Ranes er logistikkanvarleg i prosjektet, og har god kontroll. Foto Jon Olav Ørsal

Båthamna på Kvennset er bygd ut i fleire etappar, så det eldste utstyret er frå starten på tidleg åttital, så det er no på tide at det blir skifta og og oppgradert. Dette skjer nok etter kvart som behovet melder seg, slik at båtane skal ligge trygt i båthamna om det blir litt reskvêr innimellom.  

Dan Roger Pedersen handterte trelast som skal brukast til dekke. Foto Jon Olav Ørsal

Båthamna slik ho ligg i dag – no blir det ein del nytt utstyr – Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 10. juli 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 9. juli 2025, 19:40