Surnadal kommune fornyar avtale om støtte til nærbutikkane i kommunen. Det er Coop-butikken i Bøfjorden, Matkroken Bæverfjord og Matkroken Todalen som blir omfatta av denne avtalen. Avtalen går ut på å plassere ut ein infoskjerm i butikkane, der kommunen formidlar nytt frå kommunen og frå lokale media.
Forslaget gikk ut på at butikkane i Bøfjorden og i Todalen skulle få kr 30.000 kvar, medan Matkroken i Bæverfjorden skulle få 15.000. Årsaka til at det er forskjell er at butikkane i Bøfjorden og Todalen har kaffekrok for kundane i butikken.
Men det gikk ikkje slik!
Bernt Venås tykte dette var i minste laget, så han kom med forslag om å justere opp støtta til nærbutikkane, som har ein så viktig funksjon både med tanke på service og ikkje minst som treffpunkt i utkantane. Hans forslag var i gi 35.000 til butikkane med kaffekrok og 20.000 uten kaffekrok – tilsaman 90.000 kroner. Dette vart einstemmig vedteke på formannskapsmøtet.