Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fornemt på Surnadal kino

Steinar Hasselø Fredag 13. september 2019

«Downton Abbey» held fram der fjernsynsserien sluttar – og dei to andre filmane denne helga har også ei historie dei spinn vidare på.

«Toy Story 4» er ein så stor suksess at tretti todalingar allereie har reservert plass i kinosalen på søndag! «Toy Story» er ein serie med animasjonsfilmar godt likt av både publikum og kritikarar: «…historiefortellingen flyter som en drøm, samtidig som underholdningsfaktoren er svært høy», skriv NRK. Filmen er med norsk tale, med aldersgrense 6 år.

«IT: Chapter 2» (15 år) starta på Surnadal kino med eit skrik for ei veke sia; med smekkfull sal. I denne oppfølgaren kjem ungane frå «IT» tilbake, no som vaksne, nesten tre ti-år etter hendingane i den første (skrekk)filmen.

«Downton Abbey» hentar handlinga si attover i tid; til tidsrommet 1927–29. Downton får besøk av sjølvaste Kong George V og Dronning Mary. Det kongelege besøket skapar hurlumhei på godset, og det igjen fører til både nye konflikter og forviklingar.

Du finn heile kinoprogrammet her:

https://surnadal-kulturhus.no/

 

Først publisert: 13. september 2019, 14:41 - Sist oppdatert: 14. september 2019, 10:47