Elevar ved helse- og oppvekstlina ved Surnadal vidaregåande skule inviterte måndag til kaffelag for pensjonistane i bygda i Sanitetshuset. Dei seksten elevane hadde baka nydelege eplekaker, dekt bord og ordna med sjølvbaka bingopremiar. Arrangementet var i samarbeid med Todalen sanitetsforening, – Kari og Lovise stilte som kaffekokarar.
Elevane går første året på helse- og oppvekstlina, Vg1, denne lina har to klassar i år. Neste år må dei velje line, enten Barne- og ungdomsfag eller Helsefagarbeidar. Denne perioden har dei fokus på eldre og eldreomsorg. Medan den eine klassen var her i Todalen og hadde trivselsarrangement for eldre, var den andre klassen i arbeid på sjukeheimen, Stangvik aldersheim eller i heimetenesta.

Elevane serverte nydeleg eplekake med is. Frå venstre og rundt bordet: Steffen Hatle, Ingborg Myrvang, Ann Iren Brøttumsmo og Lovise Jørgensen. Foto: D.J.H
Om ein månad, den 19.oktober, blir det nytt kaffelag, – da kjem den andre klassen hit til Todalen. Vi får håpe at mange tek imot invitasjonen til kaffelag og triveleg samver. I dag hadde det vore god plass til fleire. Det er positivt med møtplassar mellom unge og eldre.

Elevar ved helse- og oppvekstlina. Frå venstre: Embla Røen Fosseide,Siri Myrhaug Gridsvåg, Peder Vaseng Kvammen og Vebjørn Slettås. Foto: D.J.H.
Vi ønsker ungdommane lykke til med utdanninga vidare!