Fram til siste halvdel av 1970-talet var det heilt vanleg med heimeslakting i førjulstida på bygdene. Da var det slakting av sau, gris og okse/ku som var det vanlege. I dag er heimeslakting langt ifrå vanleg, og den heimeslaktinga som går føre seg er stort sett relatert til slakting av storvilt. I Nystuå i Todalen trefte vi i dag på tre karar som held tradisjonane med heimeslakting i hevd. Dei var i gang med å slakte ei fjorårskolle, skoten i Hauråa og ein elgkalv, skoten på Storhaugen, av jaktlaget på Sørsida av Todalen.
Slaktinga gjekk føre seg i uthuskjøkkenet til Carsten. I uthuset sitt har Carsten mellom anna bygd eit stort kjøkken med god plass og mykje utstyr, tilpassa det meste av matlaging. 2/3 av det sørvende taket på uthuset har solcellepanel som i løpet av eit år gjev mellom 7500-8000 KW/H. Omtrent halvparten av denne straumen sel han inn på nettet.

F.v. Carsten, Knut og Rangar, med kaffikoppen. Foto: B G Ansnes
Da vi var innom var Carsten, Knut og Rangnar godt i gang med slaktinga. Når ein slaktar er det viktig å vere nøyaktig for å få eit godt resultat og minst mogleg svinn. Karane laga:
- Ytre- og indrefiletar
- Steiker
- Små-steik
- Kjøttdeig
Beina brukte dei til å koke kraft. Da vi var innom stod ein stor kasserolle med bein allereie til kokning. Krafta brukar dei seinare til å spe ut kjøttdeigen, koke supper og i lapskaus. I følge Ragnar, så sett dette ein ekstra god smak på maten.

Kokning av kraft er ein viktig del av slaktinga. Foto: B G Ansnes
Sjølv om det å slakte to store dyr tek tid, så hadde karane tid til ein kopp kaffi og nokre jaktskrøner og litt skryting. I alle fall hadde Ragnar det. Men dette såg ut til å vere rutinerte slaktarar, så arbeidet gjekk fort unna, sjølv om praten gjekk!

Ferdigskåren indrefilet (øvst) og ytrefilet av hjort. Foto: B G Ansnes
Ragnar kunne og fortelje at han og Carsten, i tillegg til å jakte storvilt, og brukar ein del tid på fisking. Så tidlegare i haust har dei laga både grava og røykt laks og aure, laksefiletar og rakefisk.
Så vi kan nok trygt konkludere med at karane ikkje treng å gå svoltne i tida som kjem