Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar til lunsj i Sanitetshuset laurdag 26. november kl. 13:00. Her blir det god og gratis mat.
Sanitetsforeninga serverer brødskive og rundstykke med heimelaga salatar, egg, ost, syltetøy og kjøttpålegg. Det blir kaffe, te, mjølk og jus å drikke til maten.
Det er ikkje påmelding, det er berre å møte opp!
Utlodding!
Treng du skyss, kan du ta kontakt med:
Jorunn Hals Ørsal. Tlf.: 942 78 914.
VEL MØTT TIL LUNSJ OG SOSIALT SAMVÆR!
Arrangør er Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening.