Adventstida starta med triveleg basar i Nordvik forsamlingshus, – med godt oppmøte og mange gevinstar.
Arrangør var Nordvik Grendalag, og dei eig og driftar Forsamlingshuset som dei held godt vedlike! I tilleg har dei mange aktivitetar i løpet av året som juletrefest, påskeskirenn, påskebasar, pinsefeiring, jonsokfeiring.
Kjekt å sjå at ungane er så aktivt med i arrangementet: Ungane sel årer, har ansvaret for pilkast og hjelper til med å dele ut gevinstar.
Kjøkkengjengen selde bakels og graut, sjokoladekake og gele med vaniljesaus; alt velsmakande!
Trekkingsliste
Nordvik Grendalag takkar alle som har støtta basaren med gevinstar og loddkjøp!