Forfattarane Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes er ute med ei ny bok. Tittelen er «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda». Boka er den første av i alt tre bind som er planlagt utgjeve under denne tittelen. Etter planen skal neste bok kome våren 2019 og den siste til jul i 2019.
Boksleppet skjer på Stangvik skule onsdag 5. desember kl. 19, der vi presenterer boka. Her blir det informasjon om bokprosjektet, smakebitar frå innhaldet, enkel servering og høve til å kjøpe signerte bøker. Utgjevar er Stangvik Historielag, som også vil presentere sitt ferske årsskrift for 2018 under boksleppet.