Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattarmøte med Arill Riise og boka hans «Der ingen var einsam»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. mars 2025

Surnadal bibliotek inviterer onsdag 19. mars klokka 19:30 til spennande forfattarmøte med TV-profilen Arill Riise i Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei. Det er gratis inngang, og det blir høve til å kjøpa signerte utgåver av Arill Riise si bok «Der ingen var einsam». 

Da TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, teke av eit snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.

I boka «Der ingen var einsam» skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt da klyngetunet vart rive bort. Dette er historia om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».

Forfattarmøtet blir arrangert i samarbeid med Literaturhus i Møre og Romsdal. 

Surnadal bibliotek ønsker hjarteleg velkomen!

Publisert: 12. mars 2025, 17:48