Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førehandssalet til Vipps-basaren har starta

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. oktober 2021

I dag klokka 10:00 starta førehandssalet til Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar, på Matkroken Todalen. Førehandssalet på Matkroken er i dag mellom klokka 10:00 – 17:00 og i morgon laurdag 10:00 – 15:00. I år er det fellesliste, der ein er med i trekninga av alle gevinstane, og kvart lodd kostar kr. 100,- 

Mange fine gevinstar å vinne under Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar. Foto: Kristine S. Ulvund

Det er òg mogleg å kjøpe lodd via Vipps 534955 (Basar Todalen sanitetsforening) fram til tysdag 12. oktober klokka 16:00. Husk da å skrive på kven lodda skal skrivast på i meldingsfeltet. 

Da vi var innom på Matkroken no i formiddag, var førehandssalet godt i gang og salet av lodd såg ut til å gå bra!

Trekninga av lotteriet skjer tysdag 12. oktober. Alle vinnarar blir kontakta, og Kari, Åse og Arndis vil i løpet av kvelden den 12. køyre ut gevinstane til dei heldige vinnarane. Trekningslista vil òg bli offentleggjort her på Todalen.no i løpet kvelden den 12. 

 

Publisert: 8. oktober 2021, 09:54