Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt «Sommarlotteri» har kome godt igang. Laurdag 22. juni vil Økonomigruppa frå klokka 10:00 – 15:00 ha stand på Matkroken Todalen for å selje førehandslodd i «Sommarlotteriet»
Årets lotteri har sju flotte gevinstar frå Hageland, Svinvik gard, Takstmann Øyås, Norsk Kvalitetsmat, Alti Surnadal, Olav Thon Gruppen og Setra drift.
Det er mogleg å kjøpe lodd i lotteriet via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 20,-. Hugs å skrive kven lodda skal stå på i meldingsfeltet på Vipps.
Folk frå Økonomigruppa i Todalen Idrettslag vil ha stand for å selje lodd på Matkroken Todalen laurdag 22. juni klokka 10:00 – 15:00 og fredag 28. juni klokka 14:00 – 17:00.
Trekninga i «Sommarlotteriet» blir under Todalsdagen, laurdag 29. juni klokka 14:30.