Onsdag kveld var det lokale hagelaget på den årlege dugnaden i Svinviks arboret. I løpet av eit par timar svinga dei både river, hakker og hagesakser, så nå er det ryddig og fint til sesongopninga til neste helg. Nærare bestemt så opnar aroretet for ny sesong fredag 20. mai – og det stemmer nok bra med blomstringa i hagen, seier Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarleg i arboretet.
Det er en fantastisk dyktig gjeng som kvart år stiller opp til dugnad før opninga, seier Katharina som sørga for skikkeleg dugnadskaffe til heile gjengen etter at arbeidet var ferdig. Det var egentleg mykje rusk og rask etter stormen Gyda tidlegare i vinter. Ein del rotvelter var det også, etter som mange av trærne begynner å bli gamle og måtte gje seg over i stormen som var. Til saman var det 15-20 personar som deltok i dugnadsarbeidet, som dermed gikk fort unna.
Elles fortel Katharina at det er mange grupper som har bestilt besøk og omvisning i arboretet i sommar, så det råder optimisme på dette området, fortel ho. Vi snakkar også om eit normalår når det gjeld blomstring, så om ei vekes til vil det nok være full fart i blomstringa, trur Katharina.