Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førebur neste vinter – god vedtørk utover våren

Jon Olav Ørsal Sundag 23. mars 2025

Bjørn Kvendset er i full gang med produksjon av brennved til neste fyringssesong.  Med spilder ny vedmaskin og nytt lagerbygg har han full kontroll på neste sesong.  Bjørn har mange vedkundar som skal ha leveranse til neste sesong og har alt produsert over hundre storsekkar – og fleire skal det bli.

Ein storsekk tek 1,5 m3 med ved, og i år tek han i bruk det nye vedlageret som han har bygd ved sida av fjøset heime på Slettvoll, og her skal det blir god tørk på veden fram til utleveringa i haust.  Her er det plass til over hundre storsekkar som får stå og godgjera seg og tørke under tak.  Bjørn har både bjørk- og blandingsved, så kunden kan bestemme sjølv kva brennverdi det er behov for. 

Bjørn har bygd lager heime på Slettvoll, medan produksjonen foregår på Sagtrøsaga, like ved Haukåbrua. Foto Jon Olav Øraal

Publisert: 23. mars 2025, 10:15