Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forbod mot bruk av naudbluss på nyttårsaftan

Elinor Bolme Måndag 26. desember 2016

Etter fleire brannar ved nyårsskiftet i fjor, går no brann og politi i Møre og Romsdal ut med ei felles påminning om forbodet som gjeld bruk av naudbluss på nyttårsaftan. 

Langs kysten har det vore tradisjon for at det blir sendt opp naudbluss denne spesielle kvelden, men det er ulovleg. Naudbluss er for naud og er ikkje tillate til bruk for nyttårsaftan.  Når dette likevel blir gjort kan det få store konsekvensar. Forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff er klar på reglane som gjeld: Pyrotekniske artiklar og gjenstandar skal brukast til det føremålet dei er bestemt for og i samsvar med den rettleiinga som skal fylgjer vara. 

Les heile pressemeldinga frå110- og 112- sentralane i Møre og Romsdal her: Vil ha slutt på ulovleg oppskyting.

 
Først publisert: 26. desember 2016, 06:12 - Sist oppdatert: 24. desember 2016, 11:23