Ein lynvisitt på Gammelfabrikken avslørte at det er mykje på gang i den 120 år gamle fabrikkbygninga. Gammelfabrikken har dei siste par ti-åra vore bruka til showrom for produkt frå Talgø-konsernets fabrikkar. Frå 1. juli 2018 er det slutt på møblar og interiør og dermed blir det ledig plass til andre formål i tida som kjem. – I den gamle fabrikkbygninga frå 1899 er heile 2. etasjen revet ut, og vi er komne heilt innpå skalet, fortel Anita Talgø som er prosjektleiar for renoveringa av Gammelfabrikken.
Ho fortel at det skal bli store endringer etter kvart. – Vi er no i planleggingsfasen og kjem til å bruke litt tid på dette arbeidet, og reknar med at inneværande år går med på dette. Det vi veit no er at Gammelfabrikken framleis skal brukast kommersielt i samband med salsarbeidet, slik vi har gjort sia før årtusenskiftet. Vi veit også at vi skal bruke noko av 2.-etasjen for å ta vare både på historia vår sjølv, og anna lokal handverkshistorie. Da tenkjer vi på Talgøs 120-årige historie som familieverksemd – noko som i dag er nærast unikt.
I tillegg har vi fått donert det private snekkerverkstedet til Sigvart Husby, med verktøy og inventar, i tillegg til ei samling møblar med framifrå treskjærerarbeid. Kan berre nemne Skjåk-Ola-skapet som kjem til å vekkje stor oppmerksamheit når det kjem i utstilling. Sigvart jobba heile liver her på Talgø – mellom anna som treskjærer ein periode.
I tillegg fikk vi mykje verktøy og utstyr etter Olav Stengel som også var tilsett på Talgø Møbelfabrikk heile sitt yrkesaktive liv. Det inneheld verktøy og utstyr både etter han sjølv og etter onkelen Henrik Halle. Etter Henrik er det spesielt skogsutstyr som er teke vare på – mellom anna utstyr da han deltok i tømmerdrift i Talgø-skogen. Vi har vore i «planleggingsmodus» lenge med dette, men no skal vi få realisert dette på ein slik måte at det blir interessant å sjå og ikkje minst på ein verdig måte for dei som har samla på utstyret og sett verdien i det arbeidet.
I førsteetasjen har vi også rydda eit rom som skal innreies med produkt i den nye Consise-serien til Talgø MøreTre og samtidig vil også dagen utstilling av MøreRoyal-produkt få ein face-lift med nye farger og profilar.