Etter eit kjapt søk på ledige jobbar i området, ser ein at Surnadal for tida har mykje å tilby til sine innbyggjarar, for ikkje å snakke om dei som vurderer å flytte hit. På nav.no er det innmeldt 9 annonsar, derav 6 med Surnadal kommune som arbeidsgivar. Her er det no blandt anna oppretta ei ny stilling som fastlege ved Legesenteret, 2 stillingar innan psykiatrien, ei innan oppvekst og integrering, med undervisning til framansspråklege, 2 stillingar som vaktmeister / vedlikehaldsarbeidar, ei fast 100% stilling som reinhaldar/hallvakt (ledig frå snarast) og heile 7 stillingar innan sjukepleie/vernepleie/helsefag/omsorgsarbeid/hjelpepleie.
I Rindal finn vi berre ei ledig annonsert stilling, som administrerande leiar for ELCO AS. Halsa har 2 ledige stillingar; ei som Nav-konsulent og ei som butikkmedarbeidar på Felleskjøpet.
Møre og Romsdal fylkeskommune har også ledige jobbar i Surnadal. Surnadal vidaregåande skule har 2 ledige jobbar. Eitt vikariat i inntil 50% stilling for lærar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og ei inntil 50% fast stilling for lærar i teknikk- og industriell produksjon. Les meir om dei på Trollheimsporten.
Alle dei andre stillingane finn du på NAV eller Surnadal Kommune si heimeside
Surnadal Lastebilverksted AS søker også etter nye medarbeidere. Både mekanikere og butikkmedarbeider. Har du lyst til å jobbe med tunge kjøretøy eller med butikk og lagerstyringer, kan du ta kontakt med Halvor Drøpping 91100452 (Kilde: Facebook)