Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Folkevandring» i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. mai 2016

Søndag første mai kom ny kode på plass i turkassen i Svinvikrunden. Det og det riktig så fine veret inspirerte nok mange til å ta ut på tur. Heile 133 namn vart noterte i boka! Det utan at det var noko som helst organisert opplegg. Rett og slett knallstart på ny StikkUT-sesong!

IMG_5078

Idyllisk i Svinvikrunden ein fin vårdag. Foto: Dordi J H

Folk i alle aldrar var ute på tur, somme rusla rundt og  tok kaffepause, medan andre hadde det meir travelt og jogga. Mange tok det som familietur, «storfamiliar» med både ungar, foreldre og besteforeldre.

Forresten så kom det ny bok i Gammelvegen 20.april, og no er det alt 302 turgåarar som har besøkt Svinvikrunden. Altså eit populært turmål i nærområdet.

IMG_5081

Fin utsikt mot flotte fjell. Skjerdingfjellet og Snøfjellet, – det manglar ikkje på skiføre. Foto: Dordi J H

Første mai kom med riktig godt vårver,  – det var idyllisk i Gammelvegen med sol frå skyfri himmel, knallblå fjord, snødekte fjell, kvitsymre og hestehov i full blomstring, lauvsprett og fuglesong! Og ein ekstra liten spiss på turen er å møte dei fine og nyssgjerrige lamaene i Svinvika.

Trur mange syntest det var godt med tur i eit område fri for snø med tørt og fint underlag. Svinvikrunden er og ei lita historiebok når det gjeld veghistorie, det har ikkje alltid vore like enkelt å kome seg over, forbi eller gjennom Hjellneskammane.

IMG_5089

Smalt og svingut i gammelvegen. Tunnellen kom for snart 15 år sidan – det var godt! Foto: Dordi J H

IMG_5093

Det set ein ekstra spiss på turen å møte eksotiske og nyssgjerrige lamaer i Svinvika. Foto Dordi J H

Stikk UT! er ei fin inspirasjonskjelde til tur og trim, og i tillegg til å skrive namn i boka er det registrering på nett. I går vart det i den opne registringa notert 40 personar. Friluftsrådet oppmodar folk først og fremst til å trimme, og så set dei og pris på at turgåarane registrerer seg slik at dei kan dokumentere aktiviteten.

God tur!

Først publisert: 2. mai 2016, 10:49 - Sist oppdatert: 3. mai 2016, 22:46