Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folkemøter om kommunereforma

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mars 2016

Det arbeides jamnt og trutt med kommunerefora. I media kan vi lese referat frå møter og forhandlingar om intensjonsavtalar og forskjellige alternativ som blir lansert og debattert. No er tida komen for å informere «grasrota» om det arbeidet som er gjort og kva som skal skje vidare – mellom anna folkeavstemming.  Surnadal kommune inviterer difor til 5 folkemøter rundt i kretsane – dei startar i Bæverfjorden tysdag 29. mars og rundar av i Øvre Surnadal tysdag 5. april. I Todalen blir det folkemøte onsdag 30. mars kl 19.30 i Todalen oppvekstsenter.

Innbydinga til folkemøte som vi har fått frå Surnadal kommune ser slik ut:

Folkemøte om kommunereforma
Tema: Intensjonsavtale og folkeavstemming.

Tirsdag  29.03.16 kl. 1930-2100                       Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, Bæverfjorden
Onsdag   30.03.16 kl. 1930-2100             Todalen oppvekstsenter
Måndag  04.04.16 kl. 1930-2100                      Stangvik oppvekstsenter
Tysdag    05.04.16 kl. 1800-1930                      Surnadal kulturhus
Tysdag    05.04.15 kl. 2030-2200                     Mo oppvekstsenter

Vel møtt!

Lilly Gunn Nyheim
ordførar

Publisert: 18. mars 2016, 20:26