I perioden 18.-26. mars inviterer ordføreren til folkemøte angåande kommunereformen. Les meir for oppmøtetidspunkt og -stad i Todalen, Bøfjorden, Stangvik og Mo. Ungdom er spesielt oppmoda til å delta!
Tid og stad for folkemøta:
Mo oppvekstsenter: Onsdag 18. mars kl. 1930-2130
Stangvik oppvekstsenter: Torsdag 19. mars kl. 1930-2130
Bøfjorden grendahus: Måndag 23. mars kl. 1930-2130
Todalen oppvekstsenter: Torsdag 26. mars kl. 1930-2130
Etter ei kort orientering frå kommunen skal kvelden brukast til å høyre kva folk meiner og trur om kommunereformen for Surnadal.
Kommunen ønsker gjerne spørsmål eller synspunkt før og etter møta på e-post: kommunereform@surnadal.kommune.no
Ordføraren oppfordrar alle til å få med ungdommar!