Surnadal demensforening og helselag inviterte til folkehelsemarsj langs Surna onsdag 7. mai, godt oppmøte og godt ver.
Turen starta frå Frivilligsentralen på Skei og gjekk tur retur langs elvepromenaden i Svartvassparken, riktig så stemningsfullt å vandre langs elvebreidda. I tillegg til frisk luft, mosjon og triveleg prat, var det også «haubry» under vegs, nemleg Quiz. Spørsmåla var laga av Nasjonalforeningen sentralt, og deltakarane rapporterte om vanskelege oppgåver. Liv Botten tok tilbakemeldinga til etterretning og lova Quiz med lokalt tilpassa spørsmål neste år.
Vel tilbake på Frivilligsentralen vart det servering av frukt, kaffe og te. Premien for fleste rette svar på Quizen var ei stor korg med frukt av alle slag.
Surnadal demensforening og helselag har no heile 364 medlemmer og er landets nest største, berre foreninga i Oslo har fleire medlemmer. Imponerande! I tillegg er det slik at lokalforeninga får heile 45 % av innbetalt kontingent til lokalt arbeid!
Liv Botten avslutta med å takke REMA 1000 for frukt til serveringa og KIWI for flott fruktkorg til premie til vinnaren av QUIZEN.
Neste arrangement i foreninga er busstur til Valsøya 22. mai, påmelding snarast til Liv Botten tlf. 957 29 719.
Fleire bilete:

Nok ein post som krev svar. Heldigvis er det også fine benkar til å kvile på. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Leira Liv Botten takka for oppmøte og støtte. Og det er alltid mogleg å gi ei gåve til arbeidet i Surnadal demensforening og helselag. Foto: Dordi Jorunn Halle.