Etter ein vellykka rundtur i Todalen for Aud Lindset Drågen ved Fylkesmannens kontor saman med lokale utsendingar frå Todalen og Surnadal vart det invitert til informasjonsmøte i Todalen ungdomshus i går kveld. Dette vart ei fin og ikkje minst informativ avslutning på ein innhaldsrik dag. Møtet var åpent for alle, og Todalen Grendalag var godt fornøgd med oppmøtet trass kort planlegging. -Dette vart verkeleg bra konkluderte Jostein Bruset. Vi fekk både inspirasjon og informasjon!
Næringskonsulent Harald Bredesen starta med å orientert litt om rikets tilstand i Surnadal og landet ellers. Folketalstrenden sett dei siste fem åra er i ein liten vekst hos oss, medan den på fylkesnivå er i nedgang. Dette gjenspeilar seg også i sysselsettinga. Per i dag er det likevel over 160 gardsbruk i kommunen, der fleire driv turisme og servering som alternativ attåtnæring.
Lokalmat og næringsbasert reiseliv
Og det var denne attåtnæringa Aud Lindset Drågen orienterte om. Etter 30 år som ansatt hos Fylkesmannen er det nok ikkje så mykje som ho ikkje har greie på, innan næringsutvikling. -Og etter så mange år er eg enno definitivt ikkje riktig utlært, fortalte ho. Berre det å ha vore i Svinvik arboret og Todalen for aller første gongen i dag gav meg mykje lærdom!
Fylkesmannens rolle i samfunnet
Drågen gjekk igjennom Fylkesmannens rolle som næringsutviklar på dei ulike fagfelta. Dessverre har utviklingsmidlane vorte kraftig redusert dei seinare åra, noko som blant anna har resultert i at bygdemobiliseringsmidlar ikkje har vore utbetalt det siste året. Derfor er det viktig at bygdene dreg lasset i lag og heiar på kvarandre. Ho oppfordra derfor næringslivsaktorane i Todalen til å danne gode produksjonsmiljø. -Gode nettverk der ein bur der ein kan hjelpe og heie på kvarandre er veldig viktig for å lykkast.
Bruk kvarandre
Viktigheita av å framsnakke kvarandre og ikkje minst bruke kvarandre må vi forbetre oss på, meinte ho. Skal Svinvika gard servere pinnekjøt på menyen, ja da må lammet kjøpast lokalt frå Hjellnes. Dette gir ringvirknngar, og fleire og fleire får opp augene for den lokalt produserte maten vi har i eigen kommune og kanskje litt lengre utover grensene.
Jostein Bruset kunne fortelje at Todalen grendalag kjem til å invitere til eit oppfølgjingsmøte etter sommaren der ein kan spinne vidare på all informasjonen som vart delt ut på møtet. Her er det mykje vi kan nyttegjere oss framover, meinte han og fleire av dei frammøtte.