Todalen Bondelag og Surnadal Bondelag i samarbeid med Surnadal Sparebank og Surnadal kommune arrangerer 7. februar Landbrukskonferanse på Surnadal kulturhus. Dette er den 4. konferansen som vert arrangert sidan oppstarten i 2007. Konferansier for dagen er stortingsrepresentant Jenny Klinge, og dei gjennomgåande tema er kva med landbruket framover, eller kort og godt -Kva no? Konferansens tema peikar på kva som vil skje med landbruket no etter regjeringsskiftet. Målet med konferansen er å opprette både ein faglig og sosial møteplass for dei som er knytta til landbruket. Arrangørane ønsker å bidra med motivasjon og inspirasjon til egen matproduksjon.
Nokre av foredragshaldarane er:
- statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
- mjølkebonde Inge Martin Karlsvik
- Tine-ansatt Geir Roar Moseng
- Ingebrigt Landsem fra Rindal
- Jakob Simonhjell frå Nortura
- Rose Bergslid frå Bioforsk Økologisk
Påmelding innan 4. februar skjer til Surnadal Sparebank på 07165 eller epost post@bank.no
HER kan du sjå kva Surnadal kommune skriv om arrangementet.