Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. september kl. 18:00 i Sanitetshuset. Vel møtt!
Sanietskvinnene arbeider målretta for å styrke kvinnehelse som forskningsfelt. Her er det fokus både på yngre og eldre kvinners helse.
Kvinner lever lengre enn menn, men blir oftare ramma av kronisk sjukdom. Gjennom opne møte og opplysingsarbeid styrker Sanitetskvinnene helsekompetansen og bidreg til ein friskare alderdom.
I 2024 vart det etablert frivillige kvinnehelsekontakatar for å styrke det regionale arbeidet med kvinnehelse over heile landet. Kvinnehelsekontaktane bidreg til å løfte kvinnehelse lokalt.
Det blir foredrag ved kvinnehelsekontaktane i Møre og Romsdal NKS: Mette Holand og Ragnhild Maalen Bugge.
Osteoporose – korleis forebygge?
Spesialist i ortopedi i Helse Møre og Romsdal, Jens-Meinhard Stutzer, vil halde innlegg på teams med tema: Kva er osteoporose og korleis kan ein forebygge?
I Norge er det mellom 240 000 og 300 000 personar som er diagnostiserte med osteoporose som rammar fleire kvinner enn menn. Osteoporose fører til svekka skjelett og hyppige brudd.
Enkel servering.
Velkomne!