Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flyttar frå Kristiansand til Færøyane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. juli 2024

I ei pressemelding frå IK Start i Kristiansand, blir vi informert om at fotballspelaren Fabian Ø. Ness, sonen til Leif Arne Ness, går frå IK Start i Kristiansandog til B36 Tórshavn på Færøyane. Dette etter at IK Start og B36 Tórshavn har kome til semje om ein overgang for Fabian.

Fabian kom til Start fra Grorud i starten av 2023, og har spelt 42 kampar for A-laget til sørlendingane.

Fabian, som har spela mest venstre back, starta sin karriere i Strømmen, der han spela juniorfotball frem til 2016. Etter dette fortsette han karriera i Oslo-klubben Grorud. Der debuterte han på A-laget i 2017 og spela der fram til han i 2023 gjekk til IK Start, der han fekk sin debut i cupkampen mot Tromsø i mars 2023. 

«Min tid i Start har vært veldig fin og lærerik. Jeg har stortrivdes i Kristiansand og fått meg venner for livet. På banen har jeg hatt både oppturer og nedturer og jobbet alt jeg kan, men kanskje ikke fått vist meg frem sånn som jeg selv har ønsket. Mine lagkamerater har vært helt fantastiske fra dag 1 og det samholdet gruppen har er unikt» seier Fabian i pressemeldinga. 

«Fabian er en god gutt. Jeg vil takke han for den jobben han har gjort i Start og ønsker han lykke til videre», sier trenar for IK Start, Azar Karadas.

Nytt eventyr på færøyene

No tek altså Fabian turen videre til B36 Tórshavn, som er ein av Færøyane sine mest suksessfulle fotballklubbar. Det er tidlegare landslagsspelar Magne Hoset som er trenar i B36 Tórshavn. Klubben vann sist den Færøyske serien i 2015 og cupen i 2021.

IK Start takker Fabian for innsatsen i gult og svart og ønsker han masse lykke til på Færøyene!, heiter det til slutt i pressemeldinga. 

Først publisert: 6. juli 2024, 18:14 - Sist oppdatert: 7. juli 2024, 10:13