Nordmøre gatebilklubb skulle egentleg avvikle sitt arrangement i Røtet laurdag, men håplaus vêrmelding gjorde at dei bestemte seg for å utsette arrangementet til søndag. Det vart ein ubetinga suksess, for søndag var det mellom 1500- 2000 som besøkte gatebilarrangementet – kanskje var det enda fleire.
Det var både mykje folk og mange bilar på anlegget til gamle Wavin i Røtet. Det må være ein perfekt plass å ha slike arrangement, og det var nok mange tykte det var stas med alle bilane som var utstillt på området. Det var både gamle og nye bilar og publikum i alle aldrar som tykte det var artig å sjå att gamle bilmodellar som var pussa og stelt med. Og til og med hjartet i ein gammel pnsjonist pekka litt fortar ei stund når den eine veteranbilen etter den andre stod fram på utstillingsplassen.
Vi tykkjer kanskje ikkje det er så lenge sia Volvo Amazon var stasbil, men produksjonen av Amazon var tross alt avslutta i 1970 – etter at det hadde vore produsert 670 000 bilar av modellen sia 1956. På same måte vart det gjensyn med mange andre modeller frå «glanstida» på 60-talet.
Artig var det også å så at det var lage eit sikra område for burning, det ein og kvar kunne «svi av» litt gummi i kontrollerte former. Her var det mykje blå røyk utover dagen, og det var nok mange som nytta høvet til litt testkjøring. Absolutt ein god ide, slik at vi slepp å treffe på «testkøyrarar» på Nordmarka og på Belemyran.
Link til gatebilklubbens Facebookside
Et lite bildegalleri viser kor stor aktivitet det var – og kor stor interesse det er for bil og bilutstyr. Alle foto Jon Olav Ørsal