I dag var det rekorddeltaking på strikkekafeen i Sanitetshuset – eit lite trettital var i full sving med strikkepinnane da vi stakk innom. Det vart servert nystekt eplekake og kaffe til alle som var innom – både sosialt, triveleg og ikkje minst nyttig seier Elinor Bolme som forøvrig er fylkesleiar for sanitetskvinnene i Møre og Romsdal.
Flyktningstraumen ser ut til å eskalere og vi les i media at den aukar frå veke til veke. Ingen tvil om at det er nødvendig med eit krafttak for klare å handtere dette. Norske kvinners sanitetsforening har difor sett i gang aksjonen ”Strikk ein varm velkomst” i samarbeid med vekebladet Allers, fortel Elinor
I Todalen sanitetsforening har ”teke hansken” og er alt i gang, og laurdag deltok mellom 20 og 30 medlemar på strikkekafén i Sanitetshuset i Todalen. Og her gikk strikkepinnane på høggir for å produsere småstrikk som varme lestar, vottar, huver og skjerf – som etter kvart skal samlast og sendast til flyktningemottak eller andre plassar det er behov for dei, seier ho.
– Mange av flyktningane kjem til asylmottaka i berre sandalar og utan strømper, og med kalenderen på oktober skjønner vi kva som er i vente. Det er eit kjempestort behov for hjelp, og at ho håpar at fleire kan bli med på denne dugnaden.
-Du treng ikkje kome på strikkekaffe for å strikke, men kan ta del i dugnaden heime og vi kan hjelpe til med å få distribuert strikkeplagga dit det er størst behov. – Treng du garn for å kome i gang, så har vi mykje garn som vi har fått med privatpersonar som kan brukast, så det er berre å ta kontakt.
Elinor oppfordrar også andre sanitetsforeningar i området til å engasjere seg i dette for no når vi går mot ein kald vinter så hastar det med å bidra i hjelpearbeidet. Ho fortel vidare at Todalen sanitetsforening er godt innkjørte på dette arbeidet frå tidlegare aksjonar – dei har strikka varme klede til både ”Prematureaksjonen” og ”Etiopiaaksjonen” og fått mange positive tilbakemeldingar.
Neste strikkekaffe i regi av Todalen sanitetsforening blir laurdag 31. oktober. Da er alle velkomne og Elinor håpar at enno fleire kan kome og bli med – det er både triveleg, sosialt og ikkje minst nyttig seier ho til slutt.