Når du står i Toåa med fluestanga, står tida stille. Mange har sagt at det er ikkje avgjerande om du får laksen på kroken – opplevinga kan ikkje målast. Tyskaren Enzo Hamann er ein av dei som har forelska seg i Toåa og livet på Todalshytta. Vi trefte Enzo og Arve i Båthølen i dag, og slo av ein prat…
Denne veka er han her for andre gong i år – han var her første gong i starten på juli, men da var det så lita vassføring i Toåa at han mesta ikkje fekk ut fluesnøret. I samråd med Arve Evensen på Todalshytta vart han booka inn på ny tur i slutten av august – men det er like ens no – i dag var det 1,56 m3/sek på Storfossen. Det burde vært 6-7 m3/sek. for å være gode forhold for flugefiske.
Enzo er frå Leipzig i Tyskland og har fiska i norske elver i over 20 år – han har vore i mange forskjellige vassdrag på laksefiske. No er det Toåa som gjeld – naturskjønt og samtidig stille og roleg. Det setter han stor pris på, og så er det maten da – det finnes ikkje maken til Todalshyttas kjøkken og forpleiing. Å kome gjennom tunellen til Todalen, det er som å kome til endestasjonen i positiv forstand – stille og godt å være.
Enzo kjem som sagt frå Leipzig og er til dagleg ortopedisk kirurg med spesialitet på kne, hofter og skulder – her har han også ein privat klinikk for utredning av pasientar og diagnostikk – dei fleste kirurgiske inngrep skjer på hospitalet der han er tilsett. Etter kvart har det også vorte ein del kundar i Noreg – til og med i Todalen – men det blir ei anna historie.