Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flotte vårdagar og mykje folk på Syltøran

Jon Olav Ørsal Fredag 21. april 2023

Arrangøren av vårdagane på Syltøran melder om mykje folk og stor aktivitet, og jammen går det da an å være heldig med vêret og da.  Folk strømma til , og det såg ut som dei kosa seg, og både Sveen Auto, Eiksentret, Hageland og Byggmakker rapporterer om stor trafikk og mykje folk i farta. 

Ny Todaling – Fendt graskutter/forhaustar som er samarbeidsprosjekt mellom Todalen Mjølk, Kvammen gård og Jon Magne Sæter. Med prislapp på rundt 4 mill og 650 hk under panseret kan det haustas rund 200 tonn gras pr time. Jon Magne Sæter, Eiksentret og Ståle Ansnes frå Todalen Mjølk. Foto Jon Olav Ørsal

Dei fire arrangørane har fleire års tradisjon med å samarbeide om vårdagane og har etter kvart vorte godt samkøyrte om arrangementet.  Dei har alle lagt stor vekt på at dei skal prise våren og sjølvsagt høyrer det med litt traktering og tid til å treffe kjentfolk.  Alle hadde trimma butikkane og fått fram mykje vårutstyr – Hageland feira 10-årsjubileum i disse dager, og rakk akkurat å få sesongstart med fullt sortiment til vårdagane.  Eiksentret hadde også mykje utstyr til våronna på plass – både traktorar og anna utstyr – mellom anna plenkløpparar i alle størrelsar og variantar. 

På Byggmakker hadde Knut Bergli fyrt opp pizzaomnen og laga saftige og gode pizzsa som han fekk mykje skryt for – sjølvsagt stekt i vedfyrt pizzaomn som ga litt ekstra god smak og sprø bunn.  Hos Byggmakker var det nystekte bakels med smørgraut eller jordbærsylte – og sjokoladekake på menyen, medan Eiksentret førte vidare tradisjonen med rømmegraut som såg ut til å falle i smak.  Sist men ikkje minst var det Sveen Auto da – her gikk gassgrillen for fullt og grilla hamburger som vart servert med tilbehør og brus til.  

Vi har laga eit bildeglleri frå vårdagan på Syltøran – kanskje treffer du kjentfolk?   Alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 21. april 2023, 16:59 - Sist oppdatert: 22. april 2023, 07:53