I helga var det nok mange som nytta finvêret til å ta turen til fjells. Laurdag var det god temperatur i fjellet, og litt regn mot kvelden. Temperaturen sank og i fjella kom det litt snø samtidig som det fraus til og dette ga eit kjempefint føre og dette vart toppa med nerast blå himmel og sol på søndag. Frå Ingri Bruset og Kristian Gjeldnes har vi fått nokre bilde frå turen opp mot Sula, bilda viser kor fin utsikt dei hadde i alle himmelretningar.
Dersom det er fleire som har bilde frå skitur i helga så legg vi gjerne ut eit galleri på Todalen.no