Laurdag inviterte IL Søya til 2025 utgåva av den tradisjonelle Søyacupen på Søyabanen. Vêrgudane spela absolutt ikkje på lag med arrangøren, men dei klarte heldig vis ikkje å øydelegge fotballgleda for verken spelarane eller publikum.
Rekordar stod for fall
Det var i år 89 påmeldte lag, totalt rundt 650 spelarar og over 2000 tilskodarar som var innom Søyabanen i løpet av cupendagen, som starta klokka 09:30 og vart avslutta klokka 17:15. Søyacupen har i mange år vore den største eindagarscupen i regionen med god margin, og rekorddeltakinga i år stadfesta nok Søyacupen sin posisjon ytterlegare.

Bra trøkk i kiosken, sjølv om det var andre varer enn is som stod øvst på ønskelista laurdag. Foto: B G Ansnes
– Sjølv om vêret stort sett var dårleg under heile cupen, så verkar det som folk tross alt har kosa seg, seier ein godt nøgd leiar i IL Søya si fotballgruppe, Lillian Væge Glærum.
– Sjølv om vêret sjølvsagt prega årets cup, så vart det likevel skapt mange nye og fine fotballminne, la Jens Nervik i sekretæriatet til.

Gratis lykkehjul med premiar sponsa av Takstmann Øyås var ein populær aktivitet mellom kampane. Foto: B G Ansnes
Fotball på mange banar, men også andre aktivitetar
Under årets Søyacupen vart det spela 136 kampar fotball på ni banar, og det vart spela 3-er, 5-er og 7-er fotball, for spelarar i alderen 6 – 11 år.
Leif Magne Andersen hadde i år teke over som speaker etter Magne Hansen. Denne jobben greide Andersen godt, og fekk skryt for jobben han gjorde frå veteranspeaker Hansen, så sjølv om Andersen kanskje ikkje var så god på namn som Hansen, så hadde han i alle fall full kontroll på klokka og kampane. Vi må her legge til at Hansen har vore speaker på alle Søyacupane fram til i fjor, så det er ein erfaren speaker Andersen no skal fylle skoene til!
Sjølv om det er fotballen som er i fokus under Søyacupen, så var det også ansiktsmåling og lykkehjul. Båe desse aktivitetane var gratis, og det var Takstmann Øyås som sponsa gevinstane på lykkehjulet.
Fair-play
Feir-play er sjølvsagt viktig i Søyacupen, som for all anna barne- og ungdomsfotball. Rindal G 11 og Dahle J 10 vart kåra til Søyacupen sine «Fair-play lag», og fekk kvar sitt gåvekort på 1.500,- frå Alti Surnadal. Vi gratulerer!

Sjølv om vêret var vått og grått, så var det ingenting å seie på innsatsen på banane. Foto: B G Ansnes
Minner for livet
Sjølv om vêret under årets utgåve av Søyacupen slett ikkje var noko å skryte av, så vart det likevel skapt menge nye fine fotballminne for dei mange unge spelarane også i år. Og alle dei rundt 650 spelarane fekk sjølvsagt premie som eit synleg bevis på at dei hadde vore med på årets Søyacup.
Ein fekk sjå mykje godt lagspel og mange gode enkeltprestasjonar på dei ni banane, og sjølv om banane vart blaute av regnet så vart det ikkje overvatn og banane så speleforholda var bra under heile cupen.
Da står det berre att å gratulere IL Søya med nok ein vellykka Søyacup, og vi reknar med at planlegginga av neste års cup snart tek til!