Erik Kårvatn er framleis på hugget og klarte i dag å sikre 10.-plassen i sin klasse under det 16 km lange løpet. Dagens løype var korta ned på grunn av sterk vind i den Italienske fjellheimen, og det var kanskje ikkje nokon fordel for Erik, men han viste musklar og hadde ein sterk spurt inn til mål. Dermed var 10.-plassen i sin klasse sikra blant dei 27 deltakarane i yngste klasse.
På den 16 km lange løypa bruka Erik 1:52:00 og vart dermed 7 minutt og 37 sekund etter spanjonlen Albert Perez Angles som kom i mål på 1:44:23. På 7.-plass kom nordmannen Trym Dalset Lødøen i same klasse. I tillegg tok ida Waldal sin 2. klassesiger på tida 2.04.20 og det er råstekt resultat. I den samla herreklassen var det 79 deltakarar og der hamna Erik på 27.-plass, medan nordmannen Kasper Fosse gikk heilt til topps (klasse U23), men dette er eit sterkt resultat for Erik som ein av dei yngste deltakarane i årets VM i Fonte Cerreto, L’Aquila, Italia.