Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott lysmesse med konfirmantane

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2024

Søndag kveld var det lysmesse i Todalen kyrkje – det skjedde midt i mørkret i ei verd full av ufred og krig, der neste års konfirmantar tente fredslyset i håp om fred.  Eit trettital – rundt halvparten av alle konfirmantane frå heile Surnadal deltok i lysmessa og tente lys og sørga for tekstlesing og framførte dagens preike på ein framifrå måte.  

Det er knappe 60 konfirmantar i Surnadal i år – rundt halvparten deltok i lysmessa søndag kveld. Dyktig ungdomar som tok oppgåvene på strak arm! Foto Jon Olav Ørsal

 

Godt og vel 80 personar deltok i dagens lysmesse, der altså rundt halvparten av årets konfirmantar deltok.  Oda og Sigrid, frå årets konfirmantkull,  heldt dagens preken som hadde tema Folket i  mørket og ønsket om fred som lystenninga symboliserer.  Elles gikk tekstlesing på omgang mellom konfirmantane og alle deltok sjølvsagt i lystenninga under gudstenesta. 

Tekstlesinga gjekk på omgang mellom konfirmantane – her er det Jens Sancho som er i «elden». Foto Jon Olav Ørsal

Dagens takkoffer gikk til konfirmantundervisninga, og dersom det er nokon som vil være med og bidra, så er det ikkje for seint enno – du vipsar berre  til Vipps# 506 908 som går til Todalen sokneråd.  Elles er neste gudsteneste i Todalen kyrkje på julaftan, 24. desember med start kl 16:00.  

Lystenning under dagens gudsteneste – foto Jon Olav Ørsal

Konfirmantane sørger for lystenning – foto Jon Olav Ørsal

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe – foto Jon Olav Ørsal

Todalen kyrkje bada i flomlys søndag kveld – foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 8. desember 2024, 22:31 - Sist oppdatert: 10. desember 2024, 18:37