Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mai 2025

I dag låg det godt til rette for ei flott konfirmasjonsgudsteneste – sol frå blå himmel har vore noko uvant den siste tida og vart nok difor lagt så godt merke til.  I år var det to konfirmantar i Todalen, nemleg Trygve Alexander Halle og Jens Sancho Hadraque Ansnes, og det var Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Åsmund Valde var organist. Rundt 80 personar deltok i konfirmasjonsgudstenesta, og med det vart det ein flott salmesong. 

Vidar W. Rygh heldt ei flott preken til konfirmantane, der han samanlikna livet med eit fallskjermhopp. Som tidlegare marienejeger og erfaring frå nettopp fallskjermhopping så visste han nok kva han snakka om, og konfirmantane fikk med seg gode råd om når dei skulle trekke i snora og etter kvart lande trygt. 

Rundt 80 deltok på dagens konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Foto Jon Olav Ørsal

Under dagens gudsteneste var det takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, og dersom du vil være med og bidra er det berre å bruke vipps nr 506908 for  bruke den digitale tenesta.  Digitale teneste vart også bruka for å overføre dagens konfirmasjonsgudsteneste via internett – her går du berre inn på kirken i Surnadal – YouTube.

Under dagens gudsteneste var det Borghild Talgø som var tekstlesar og kyrkjevert saman med Rune Moe.  Kyrkjetenar var Tor Rune Halset.  

Borghild B. Talgø var tekstlesar under dagens gudsteneste. Foto Jon Olav Ørsal

Fekk presthanda – her les Rygh ei bøn for den enkelte konfirmant – foto Jon Olav Ørsal

Utgangsprosesjon – konfirmantane saman med prosten. Foto Jon Olav Ørsal

Todalen kyrkje – Konfirmasjonsdagen for Jens og Trygve vart ein flott dag med sol og blå himmel. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. mai 2025, 12:47