Dagens konfirmasjonsgudsteneste vart ei verdig avslutning både for konfirmasjonsopplæringa for dei to konfirmantane og for vikarprest Cathrine Grutle som hadde si siste gudsteneste i Todalen kyrkje før ho flyttar herifrå. Konfirmantane har fått konfirmantopplæring det siste året, og markerer altså avslutninga med konfirmasjonsfest. I år var det to konfirmantar i Todalen – Nora Kårvatn og Shan Allan Halle.
Grutle heldt ei flott preken til konfirmantane og samanlikna det som skjer i konfirmasjonsopplæringa med sommarfugleffekten – forklart som at det som skjer her kan påvirke det som skjer andre plassar. Den du er og det du gjer betyr noko for andre. Ho nærast samanlikna livet med sommarfuglanes livssyklus.
Kristian Gjeldnes takka både konfirmantane og presten for triveleg hopehav gjennom det siste året – konfirmantane har vore til god hjelp både under gudstenestene og anna arbeid i menigheita. Dette markerte han med ei rose til kvar og ei songbok som dei fekk i gåve. Dagens takkoffer gikk tik konfirmantarbeidet i kyrkja.