Todalen Grendalag står som initiativtakar og arrangør av den flotte julegata på Kvennset i samarbeid med Talgø og Matkroken Todalen som også er med på lyssettinga. Det var mange som trossa dei 15 kuldegradane og møtte opp for å være med på tenninga av julegata som skjedde søndag kveld – presis kl 18.
Grendalaget serverte kaffe og gløgg til dei frammøtte og arrangerte også lotteri for å finansiere prosjektet med julegata. For barna var det også nissebesøk – dei to nissane hadde med seg populære pakkar og kom sikkert frå nisseverstaden i Kvennsetdalen.
Det var forresten lynlotteri for loddkjøparane som kjøpte lodd under arrangementet, og her vann Magne Søyset ei telefonkake. Resten av lotteriet som har gått over fleire dagar blir trekkt i løpet av kvelden når vippskontoen er kontroller og alt er kome med. Trekninga kjam vi att på i ei eiga sak!