Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott innsats i WorldCup i Boí Taüll

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. februar 2025

Boí Taüll er ein «skilandsby som ligg i dei spanske alpane  tett ved grensa mot Frankrike og Andorra.  Randoneelandslaget deltok laurdag i sprinten – Erik på herrelaget og Ida Waldal på damelaget. I tillegg var Hans-Inge Klette Og Trym Dalset Lødøen påmeldt til start, men meldte sjukdomsforfall i siste liten.  – Det var 95 påmeldte i herreklassen og 67 i dameklassen.  Både Erik og Ida gjorde veldig bra løp og klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen. 

Erik kom til kvartfinalen, der han starta i heat 1 – foto: ISMF BROADCASTING

Erik gjorde kanskje sesongens beste løp og kom inn på 20-plass med 11,21 sekund etter Oriol Cardola Coll som kom inn på bestetida 0:02:48.58.  Dermed var Erik sikra plass i kvartfinalen, der han hamna i første heat saman med spanjolen Oriol Cardola Coll. Han var ikkje snauare enn at han stakk av med sigeren både i kvartfinalen, semifinalen og i finalen.  Erik rauk ut av kvartfinalen, og det gjorde og Ida Waldal, men begge to gjorde ein flott innsats i dag.   

Ida Waldal kvalifiserte seg også til kvartfinalen, der ho rauk ut. Foto ISMF BROADCASTING

Det var tett i teten – Erik kom inn på 20 beste til i kvalifiseringa til kvartfinalen. Skjermdump frå ISMF BROADCASTING

Uttak til søndagens mix-stafett

Laurdag ettermiddag vart uttaket til søndagens mix-stafett klar.  Noreg stiller med to lag til denne konkurransen, og på førstelaget er det Ida Waldal og Trym Dalset Lødøen som stiller, medan det på andrelaget vart Elise Hjelset Andersen og Erik Kårvatn som skal representere dei norske fargane.  

 

Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

 
Publisert: 1. februar 2025, 12:50