Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Flomma over…

Flomma over…

Jon Olav Ørsal Måndag 18. februar 2013

Regnvêret som kom  i natt og utover dagen i dag, har nok sett mange stikkrenner på prøve. Det har flomma over mange plassar, og til delt store dammar har danna seg mange plassar der vatnet ikkje fann sine naturlege vegar gjennom stikkrenner og vannpostar. Litt snø som kom utover dagen dempa flomvatnet litt, men temperaturen vidar utover kvelen og natta blir nok avgjærande.

Det lønner seg å kikke i garasjar og kjellarar, for det vatnet tek den lettaste vegen nedover i terrenget. Dersom naturlege avløp er tett, eller frosne att, så kan det lett kome på avvegar og kan gjera stor skade.

Vi tok ein rask runde rundt bygda i skyminga, og det var mykje vatn rundt vegkantane og delvis i vegbanen. Men det såg ikkje ut det at det er gjort nevneverdig skade på denne strekninga. Nokre dammar var det, og det lønner seg å være litt forsiktig når ein kjøre, slik at ein unngår vassplaning.

Vêrmeldinga på yr.no melder om kaldare vêr alt natt til tysdag, men det vil halde seg rundt null og ned til nokre få kuldfegrader utover veka til det blir mildvêr og regn igjen til helga.

Publisert: 18. februar 2013, 20:31