Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fleire vårtegn på gang…

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mars 2015

Denne tida er det nok fleire vårtegn på gang rundt omkring. I Viastua har dei vorte velsigna med eit vinterlam, som nok blir litt av ein bortskjemt storebror etterkvart. Han kom til verda ein av dei første vekene i mars, og blir nok halvannan månad før saulamminga kjem i gang for fullt nærare midten av  april.

Lamdiger_5551

Etterkvart blir det nok fleire lam, ser det ut for. Her får lamdigre sauer ein godbit med kårkallen Gudmund. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei siste par dagane har det vore det reinaste vårvêret, med sol og temperaturar mellom 10- og 20-talet. Etter kvart er det kome fram hagemøbler og eit og anna kaffelaget har det vorte i lune krokar.  Vi kan vel heller ikkje klage på langtidsvarselet på yr.no, som byr på finvêr, sol og varmegrader fram til torsdag i neste veke.

Utekaffe_Haugtun_5571

Nabotreff med uteservering på Haugtun – frå venstre Ragna, Bodil og Bjørgult. Foto: Jon Olav Ørsal

Hestehov_TN_n

Torill Gjeldnes har funne ei fin «såte» med hestehov som er tileg på’n i solbakkå utpå Hjellnes. Foto: Torill Gjeldnes

Publisert: 14. mars 2015, 16:16