Denne tida er det nok fleire vårtegn på gang rundt omkring. I Viastua har dei vorte velsigna med eit vinterlam, som nok blir litt av ein bortskjemt storebror etterkvart. Han kom til verda ein av dei første vekene i mars, og blir nok halvannan månad før saulamminga kjem i gang for fullt nærare midten av april.

Etterkvart blir det nok fleire lam, ser det ut for. Her får lamdigre sauer ein godbit med kårkallen Gudmund. Foto: Jon Olav Ørsal
Dei siste par dagane har det vore det reinaste vårvêret, med sol og temperaturar mellom 10- og 20-talet. Etter kvart er det kome fram hagemøbler og eit og anna kaffelaget har det vorte i lune krokar. Vi kan vel heller ikkje klage på langtidsvarselet på yr.no, som byr på finvêr, sol og varmegrader fram til torsdag i neste veke.